Vellykka vaksenkveld

Hausthalvårets «vaksenkveld» gjekk av stabelen fredag 5/11 på restauranten Amundsen og Nobile ved Sollid plass, der vi innleingsvis måtte vente på dei reservert borda, men når vi først fekk benka oss så vart det eit godt måltid til tåleleg pris i trivelege rammer, med drikke til, naturlegvis. Etter kaffien var det lynturnering for dei som ville, avvikla etter Asbjørnsens promillereglar for lynsjakk, med følgjande resultat:

1-2: GM Grømer og, Chr. Poppe 6½ (truleg stikkamp på St.Hanshaugen i juni), 3. A.Omtvedt 6 (starta med lang rokade, før han kom inn i rytma), 4-5. Th. Roksvoll (personleg rekord?) og A.Sørjordet 5, 6-7. H.Fjellestad og M.Næss 4, 8-9. M.Nikolaisen og Ø.Asbjørnsen 3, 10. Hr. soldat på overføringsperm H.Gaudernack 2.  (Asbjørnsen hevda bestemt at han hadde vunne 4 parti, men dette viste seg vanskeleg å kontrollere, «og same kan det være».) Etter lynsjakken reiste mange heim, sume hadde andre planar.

Eliteserien har starta: Ved ein inkurie som klubbleiings må ta sjølkritikk på, starta 1. runde i årets Eliteserie, nå kalla Chess Aattack -serien, på vaksenkvelden vår, og 1911 starta flott med  å vinne 5-1 over Nordstrand. I dag laurdag møter dei Porsgrunn, og på sundag står Bergens for tur. Sundag startar også Østlandsserien der vi har 4 lag i aksjon.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *